fredag 31. juli 2009

Badeliv i danmark

Eg er enno ikkje ferdig med å vise fram bildene frå Danmarksturen. Etter å ha våre i løveparken og i Legoland gikk turen til Fjellerup strand, der me leigde ei hytte i ei veke. Her kosa me oss på stranda og i badebassenget i hytta. Ungane storkosa seg (og me vaksne også selvfølgelig!)




Vemund gjer seg til for fotografen :)







På stranda fant gutane masse rart, skjell, tang og tare, krabber små reker og masse annna spennande.







Det var svært langgrundt, ser de meg og Ingvar og Sigve går langt langt der ute ved den første sandbanken? Julie og Anne-Beth står på den ytterste sandbanken.




Mmmmm, mariekjeks


Etter ein lang dag på stranda er det godt å lalle. Oliver med Tussien sin.
I badebassenget var det masse liv! Her hoppar Julie frå kanten, ungane vart meir og meir vågale og ville for kvar dag. Små fiskar heile gjengen!






















Helten Jhon!

Er han ikkje kul vel! (Og fotografen (meg) ser de i brilleglaset, er vel eit av dei få bildene av meg frå turen...)

For ikkje å snakke om han her!

Ganske kul denne lille krabba her også jo!

Alle ungane er trøyte og glade, må ha ei TV-pause.


mandag 20. juli 2009

Legoland

Danmarksturens høgdepunkt for ungane: Legoland! Det var store forventningar til disse to dagane i Legoland. Ungane prata jo ikkje om anna før me reiste. Fredag 19 juni var me i parken heile dagen. Det var tidlig i sesongen, og ikkje så masse folk i parken, perfekt, for då slapp me kø, og ungane fikk kjøyre akkurat så mange turar dei ville med det som var, dei sprang berre tilbake bakerst i køen og fikk være med ein gong til, og ein til og ein til osv... Det vart kjøyrt legobåt, legofly, legobilar og alle variantar av legotog og masse meir. Perfekt for alle ungane me hadde med frå 2 til 6 år! Det var ein svært vellykka og fin dag for både store og små.


Dei tre store tar ein tur i pariserhjulet.


Ingvar har fotografert Julie.


Ingvar i løvegapet.


Fedrene med dei to minste







Froskehoppet. Ingvar og Sigve tykte det var skummelt, mens Julie hylte av fryd.



To røvarar på tur.



Dag to i parken, denne dagen brukte me på å utforske den nyare delen av parken. Det var laurdag, og mykje meir folk i parken enn dagen før, så det vart ein del køståing. Ungane var vel egentlig godt nøgde og sikkert slitne etter gårsdagen, så det vart ein del sutring på dei. Me konkluderte med at ein dag i Legoland er meir enn nok. (både for store og små)
Ingvar med sin aller første sukkerspinn, han åt kanskje to bitar før den gikk i søpla.


Ståle og Oliver kjøyrer tog.

Knut og Vemund kjøyrer også tog.

Julie i toppen av det snurrande tårnet.

Vemund var svært opptatt av jernbanen som var bygd opp, det var små tog og bilar og båtar som kjøyrte rundt.


Vemund på rundtur med eit tog.

Løveparken i Danmark

17 juni tok me ferja over til Fredrikshavn i Danmark, reisefølget talte fire vaksne og fem ungar. Me reiste samman med Ståle og Anne-Beth, Julie 6 år og Oliver på 2. Første dagen gikk turen til Givsund Zoo, eller løveparken som me kjenner den som. Her var det masse små og store dyr å sjå på, kjempegøy for alle små. Sjølv om Vemund påstod at kamelane var hestar og bøflane var kyr og han såg vist pusekattar der også.



"Sjå der" Julie peikar på nokre fiskar som symjer i vatnet rundt apekattane.






Elefantane var mest opptat av å ete gras.



Her er kamelane som Vemund hardnakka påstod var hestar.





Tja, ser kanskje ut som hestar dette her?




Ingvar og Sigve var egentlig ikkje så opptatt av dei andre dyra i parken, det dei var kome for å sjå var Sjiraffane og sebraen! Det var dagens høgdepunkt for dei. Flotte dyr er det ihvertfall.





Løvene var vist ikkje like fasinerande, gutane krangla og kjekla i baksetet, store deler av parken kjøyrte me rundt i bil, då kom me svært nær dei "ville" dyra, sjølv om det var litt slitsamt å få alle tre ungane ut og inn av bilen heile tiden (og ihvertfall når dei småkrangle i baksetet, dei var nok litt trøyte etter natta på Danskebåten), veit egentlig ikkje om dei fik med seg løvene, men eg fikk no tatt eit bilete i det minste.


Men så kom me til leikeplassen, og for ein leikeplass, det var svære trampoliner og klatrestativ og husker og sklier og hinderløyper og masse gøy for små unger, her var me i fleire timar, ungane storkosa seg.





Hei, sjå på meg! Julie på ei svingstang.



søndag 19. juli 2009

29.06.09